Skrevet av Emne: bytte av batterisikring og -garanti  (Lest 5765 ganger)

0 medlemmer og 1 gjest leser dette emnet.

kjetilho

  • Newbie
  • *
  • Innlegg: 2
    • Vis profil
på: 05.09.2023, 08:53:19
I dag er eg hos Tesla Oslo North for bytte av batterisikring i min X90D '17-modell.
Kom hit i dag kl. 0745 for berøringsfri levering, og satte meg inne på kontoret dei har for kundar (veldig godt tiltak).  Etter eit kvarter kom ein mekanikar som eg møtte på veg ut av bilen innom kontoret og lurte på om eg hadde sett når bilen var estimert ferdig?  Jau, det var i *morgon* kl. 16, ikkje i dag! Tusen takk til observant mekanikar  :D

Så eg gjekk i skranken for å be om lånebil, sidan det er ein garantireparasjon som tek over 24 timar.  Mannen i skranken meinte at eg allereie hadde godkjent "customer pay", men det måtte eg jo gjere for å få lov til å få time uansett.
Han las opp litt frå internpolicy, og argumenterte med at dette ikkje var forskjellig frå at eg må bytte batteri i fjernkontrollen til TV-en.  Dessutan var eg kunde nr. 103 med dette oppdraget, og alle dei 102 før meg hadde betalt for byttet.

Eg meiner at sidan bytte av dette batteriet ikkje er oppgitt i noko service-intervall, må Tesla sjølve stå for bytte av denne "slitedelen".  Tesla veit jo veldig godt at levetida er eksakt seks år sidan det er programmert inn i datamaskinen for å foreta preventivt bytte, men dette er ikkje kommunisert til kunde på noko vis.  (Om eg tek feil her, dvs. at dette er noko eg burde/kunne visst, er eg takksam for peikarar.)

Han hadde uansett ikkje høve til å endre på policy der og då, men han gjekk inn på verkstaden og fekk dei til å stokke på arbeidsplanen slik at bilen min skal vere ferdig i dag før kl. 14.  (Det er i seg sjølv ganske idiotisk å be folk levere bilen grytidleg om morgonen når dei ikkje har planar om å starte jobben før neste dag...)

Min X har visst letterare tilgjengeleg batterisikring enn ein del andre (eldre) modellar, så det er ikkje sikkert det vert så dyrt (opprinneleg estimat er kr 5147,20).  Han kunne trøyste meg med at det vil verte bytta til ei "elektronisk sikring" som ikkje har vedlikehaldsbehov i framtida.  Vi får sjå kor dyrt det vert og om eg orkar/gidd ta saka til Forbrukarrådet.

(Det er forresten uklart om det er nødvendig å bytte sikringa med tanke på framtidig EU-kontroll (bilen vart godkjent forrige veke).  Han meinte eg eigentleg kunne køyre vidare om eg ville.  Litt irriterande å ha den popupen med feilmelding i resten av levetida til bilen, då... Poenget med sikringa er å kutte straumledninga pyroteknisk i tilfelle kollisjon, og har ikkje funksjon i dagleg køyring.)




kjetilho

  • Newbie
  • *
  • Innlegg: 2
    • Vis profil
Svar #1 på: 05.09.2023, 11:54:05
Bilen var ferdig kl. 11, men prisen vart som estimert.
For søkbarheit er dette forøvrig fiksen for popup BMS_u031 (eller BMS_uO31 men eg trur det er ein null og ikkje ein stor O).